Gammal

Rune Belsvik

Det dryp frå snøen på taket. Eg gler meg til å sitja ute i sola, berre det blir litt varmare.

Som liten gut tenkte eg at det å bli gammal må vera kjempekjedeleg. Dei sit med klede på i solsteiken midt på sommaren. Sit og sit. Dei leitar ikkje etter badebuksa eller finn på noko å leika. Dei sit der berre. Snakkar litt. Og sit vidare. No er eg blitt ein slik gamling. Det er ikkje så kjedeleg som eg trudde.

Min ungdoms erfaringar med kjærleikssorg, sjalusi, einsemd og lykkelege forelskingar, denne figuren av intens smerte og fryd, står no roleg i eit skåp i minnet. Eg kan sjå på han når som helst. Eg må blåsa på han for å vekka til live fortvilinga og gleda, og uansett er desse minna no så laust knytte til meg, og avstanden til mykje av det så stor, at eg fryktar dei ikkje meir.

Men det er blitt verre å få ut urinen. Eg pressar på, men det er berre så vidt det siv og dryp. Ja, eg har vore hos legen. Eg står i kø til urologisk poliklinikk. Av og til stoppar det opp i tarmane også. Det verkar som dei er blitt slappe og giddalause. Men brått kjem ein frydefull dag, då pisset renn friskt igjen, og endåtil tarmane gir slepp.

Når eg snakkar med folk, hender det eg blir ivrig, for eg kjem til ei samling med ord som eg føler eg har god kontroll på. Eg forstår at dette kan eg snakka om i fleire sekund, og samtidig ta meg godt ut, utan nøling og lange pausar. Men midt i snakkinga kjenner eg igjen denne iveren, og begynner å bli i tvil om eg kan ha sagt nett desse orda til denne personen tidligare, ja, for kanskje ikkje så lenge sidan. Det går eit ras i meg, orda stoppar opp eit sekund, og i det sekundet har eg eit raskt indre styremøte:  ”Skal eg halda fram med snakkinga, og gjera som ingenting?  Eller skal eg spørja om eg har sagt dette før?”  Det ser ut som om interessa i den andre sitt ansikt alt er ved å tapa seg.

Eg går ikkje i butikken utan handlelapp. Hukommelsen er blitt slappare i kantane, og ikkje heilt å stola på.

Kona og eg likar å køyra på tur til Ulvøysund. Parkera og nyta sjøutsikten.

Det er fint, seier eg.

Ja, seier kona, sjå, der kjem ein båt, seier ho.

Dei ser glade ut dei som er om bord, seier eg.

Det ser kaldt ut, seier kona. Eg vil ikkje bli brent, seier ho. Eg vil gravast ned i ei kiste.

Kroppen min kan du berre trilla utfor røysa når eg er død, seier eg.

Tullebukk, seier ho. Vi skal vel ligga i same grav?

Ja, det skal vi vel, seier eg.

Vi sit mange sekund og ser båten nærma seg og bli borte. Noko kvitt dalar gjennom lufta. Er det frø frå geitramsen. Eller har det alt begynt å snø.

Eg er redd for å gli på glatta. Å bli liggande.

Eg likar å sjå snøen dala gjennom lufta. Fredfulle, kvite fall mot bakken. Men snart blir eg uroleg for at det skal komma så mykje snø at eg må få i gang snøfresaren. Han blei ikkje starta sist vinter. Vil eg få motoren i gang?

Eg kjøpte snøfresar då eg fylte 60. Eg hadde høyrt om gamle folk som døydde med snømåka i neven. Plutselege, tunge løft med gamle kroppar. Men vil snøfresaren starta.

På grunn av startproblem med plenklypparen har eg lært at bensin også kan bli for gammal. Eg måtte skaffa ein slange, tappa ut den gamle bensinen frå snøfresaren, fylla han opp med alkylatbensin. Eg gjekk inn på ein bensinstasjon og spurte om dei hadde alkylatbensin. Eg hadde lært ordet på google. Alkylatbensin. Den unge jenta bak disken tenkte seg om og sa, nei, dessverre. Jo, sa ein tøffing i kjeledress, og peikte mot ei hylle. Det står der. Men så måtte eg heim og finna ut om det var ein totaktsmotor eller ein firetaktsmotor i snøfresaren, for det fanst to typar alkylatbensin. Google hjelpte meg igjen.

Eg set meg i den raude stolen på kontoret, stiller alarmen på 45 minutt, lukker augo, kjenner etter kva det er som er her, ja, det er eg i stolen, og begynner å tenka metodelyden. Eg gler meg til dei daglege meditasjonane. Å sleppa meg inn i sinnets byks og sprett og seige fall. Ja, slik eg går til middagskvilen med glede, går eg også til meditasjonskvila med glede. Etterpå er det litt ekstra krefter til det som skal skje.

Eg merkar at eg har gifteringen på ringfingeren på venstre hand. Det betyr at det er noko eg må hugsa. Men kva er det eg må hugsa?  Eller har eg berre gløymt å flytta ringen tilbake etter sist gong noko måtte hugsast?  Eg lar han vera der han er, i håp om at hukommelsen skal jobba med saka, og komma opp med det som er blitt borte.

Før snøen kom hadde eg altså bytta bensin i snøfresaren. Men ville han starta. Det snødde meir og meir. Det var kaldt. Kom vi til å snø inne?  Er det ei ny istid som begynner?  Fantasien begynte å dikta opp forteljinga om kulda som frys ned alt vatn, veden som tar slutt, dørane i butikkane som står opne etter innbrot, remser av papir og plast som flagrar ut dei knuste vindauga, og eg som ventar på overgangen frå kald mann til død mann. Ein hjelpelaus fyr. Døden.

Den første gongen eg verkeleg forstod at Rune Belsvik skal bli borte, blei eg provosert. Eg tenkte at det ikkje kunne stemma. Ei slik sløsing med talent. Alle gongene mor mi hadde sagt eg var ein god gut. Far min sine gode stryk gjennom håret. Jentene som hadde sagt eg var så kjekk. Følelsen eg hadde av at eg var heilt spesiell. Og så skulle desse nevane bli til jord. Ansiktet over kraniet skulle råtna bort. Det kunne vel ikkje stemma.

Men eg forstod at det stemte. Dei siste åra har eg prøvd å slipa ned motstanden min mot livets gang. Eg øver på å innsjå kor alminneleg eg er, og kor greitt verden vil kunna gå vidare utan meg. Det har gått lettare etter kvart. Tanken på å bli borte er blitt til å leva med. Innimellom kan eg humra i mitt stille sinn ved tanken på dette. Eg skal jo forsvinna. Hehe. Men så, i eit brått kast, nektar det i meg igjen. Nei, seier det der inne, det er jo eg.

Men eg er redd døden skal komma som ei plutseleg smerte i kroppen. Og så meir og meir smerte heilt til det er over. Eit hogg. Hjelpeløyse. Velta hjelpelaus over ende. Så døden. At det kan skje når som helst, utan varsel, gjer meg vaktsam, og plutseleg bryt redsla ut. Er det no?  Er det snart?  Denne overgangen frå det eg kjenner til, og til det eg ikkje veit noko om.

Eg likar å sjå på folk som snakkar om sine nær-døden-erfaringar på YouTube, fortel om lyset som berre er kjærleik, den umiddelbare forståinga av alt, og så blir eg trøytt og kjem på at eg har ei seng og ei dyne, og kjenner kor eg gler meg til å legga meg ned, krølla meg saman, gi meg over til søvnen. Å, senga og søvnen. Madrassa. Lakenet. Dyna. Pleddet over dyna. Den litt for klumpete puta. Den mjuke, gode staden i huset. Og kona som ligg like ved meg og pustar.

Eg matar fuglane. Eg sit og ser kor dei flyg ivrig og vinglete mellom dei nærmaste buskane og trea og fatet eg har satt på hagebordet til å ha fuglematen på. Så humrar eg inni meg. Eg kjem på kor redd eg av og til kan vera for døden. Ja, denne redsla, denne redsla, humrar eg, ho har vore innom rett som det er dei siste åra. Men no ligg ho i ro ein eller annan stad. No er eg ikkje redd. No veit eg like godt som elles, at eg skal døy kva tid som helst, eg har aldri vore nærmare. Det er likevel godt å vita at det ikkje berre gjeld meg. At eg ikkje er den einaste. Og heller ikkje den første. Men eg veit ikkje kva tid, og det at eg ikkje veit kva tid døden skal komma, ligg i lag med alt det andre eg ikkje har greie på, ja, når eg tenker etter, slik eg har tenkt etter mange gonger før, kva veit eg eigentleg om alt dette, fuglane og døden og alkylatbensinen og stilla og det endelege målet eller utgangspunktet og det å skriva desse orda, det å gå frå stova der eg kan sjå fuglane, og inn hit kor papira og tastaturet og datamaskinen er, hit eg dagleg kjem med meir eller mindre vage idear, for å sjå kva dei blir til på arbeidsbordet mitt, om eg blir overraska eller skuffa, ja, kva er det eigentleg alt dette?  Dette livet og alt som er her. Eg veit ikkje. Å, det er mjukt og godt som senga, å ikkje vita. Å sleppa å ha ansvaret for dei aller største beslutningane, skjebnane,  omveltingane, dødsaugeblenkane. Det er heldigvis ikkje eg som styrer med det.

Men viss eg dett på glatta og brekker lårhalsen og blir liggande, nei, det har eg ikkje lyst til. Det er blitt vanskelegare å reisa seg opp frå stolen også. Eg må planlegga det litt. Eg blei ikkje tynnare, slik eg hadde håpt. Eg er ein tjukk mann. Det einaste som har minka er muskulaturen.

Skal eg gå til postkassen eller skal eg kjøra ned?  Eg går. Ingen brev frå urologane i dag, heller. Men den vesle turen gjer godt.

Eg er god til å sitja. Sjå ut vindauga på årstida. Eller lukka auga og tenka lyden, meditera. Gå inn der det ikkje er så mykje å meistra. Der eg brått kjem på kvifor ringen er på den venstre handa. Eg må hugsa å trilla papirsøpla bort til vegen. Viss det ikkje var i går. For det er vel i dag det er onsdag. Ja. Men eg opnar ikkje augo, og ordnar opp i det. Eg sit godt i stolen, tenker lyden. Det kjem heftig og tung spontanaktivitet, ein vase av usamanhengande visuelle inntrykk, lyden blir borte, eg kavar i ei elv av bilde, til eg sovnar, og brått vaknar utan å forstå kor eg er, det går fleire sekund før eg kjem på at eg sit i den raude stolen og mediterer, tenker lyden igjen, det er tomt og godt med ledig plass der inne, berre ei brå kjensle av å gli, snubla, susa ned, og så tankar om middagen som skal lagast, og så stilt og tomt igjen, å, dette stille og tomme. Det stille og tomme.

Produkter

Dyade 2021/4 Forsoningens dans

 

Relaterte artikler

Ok