Eg måtte finna ein ny måte å praktisera som Rune på. Eg begynte å gå på besøk til meg sjølv, og prøvde å vera nær det eg møtte der utan å kjempa imot det.
I mange år brukte eg alkohol for å feira det fine, trøysta det triste, knusa det kjedelege, finna fred, sløva sjenansen, utrydda uvissa og avvæpna angsten. Men denne måten å møta utfordringane mine på begynte å gå ut over familielivet.
Eg meldte meg på eit kurs i Acem-meditasjon.
Eg ville prøva ein annan måte å praktisera som Rune på. I staden for å døyva ubehaget med alkohol, skulle eg lukka augo, prøva å sitja still og tenka ein lyd, så uanstrengt eg kunne, også når ubehaget dukka opp.
Kva var dette ubehaget? Eit søkk i tankane.
Ei brå kjensle av at eg ikkje ville greia å gjennomføra det eg heldt på med, tvilen på evnene mine, forventningane til kva som skulle dukka opp på papiret var for store. Nokre glas vin kunne ofte døyva det.
Noko i meg sa forsiktig hurra då det var klart at drikkinga skulle trappast kraftig ned. Mindre drikking betydde mindre fylleangst.
Eg blei ivrig på dette med meditasjonen. Passa på å ha tid til 2 halvtimar kvar dag. Ganske snart erfarte eg at det gjekk noko smidigare å skifta frå ein situasjon til ein annan, viss det var
ein meditasjon imellom. Morgonsituasjonen i småbarnsfamilien kan vera utfordrande. Trøytte barn skal ut av senga. Kleda skal på. Maten skal inn. Ytterkleda skal på. Så er det av garde til barnehagen eller skulen. Når eg kom heim igjen, var det stilt i huset. No skulle eg skriva.
Men barna sine trøytte ansikt, kona sitt forte svar, alt som hang igjen etter morgonhendingane tok plass i sinnet.
I meditasjonen dukka ofte desse små situasjonane frå morgonen opp igjen. Ansiktet til guten.
Kva var det i det uttrykket då han blei ropt ut av søvnen. Han blei så sint. Og slik kona reiv til seg osten, ja, rett og slett understreka at denne osten hadde eg plassert for nær meg sjølv, men no ville ho ha han. Det svei i tankane, mens eg prøvde å tenka denne lyden eg hadde lært på kurset.
Då halvtimen var over, kjentest sinnet mjukare. Det hang mindre fast i morgonens små hendingar. På same måte før ungar og kone skulle komma heim. Då var sinnet sterkt involvert i fantasiens forteljararbeid. Eg kunne ikkje berre slå det av. Eller kanskje eg var nedfor fordi tvilen og dei store forventningane hadde prega
dagen. Uansett skulle eg ikkje no rett frå denne situasjonen og tilbake i familielivet. Eg hadde satt av 30 minutt til meditasjon før eg skulle begynna på middagen.
Ein dag spurte kona om eg hadde gløymt å meditera, og då eg spurte henne korfor ho lurte på det, sa ho at eg verka så irritert.
Ja, tenkte eg. Det er noko som har forandra seg. Eg hadde liksom komme nær noko, som eg ikkje visste kva var, noko eg ofte hadde prøvd å unngå, men som eg no ikkje frykta på same måte. Mitt eige sinn. Mi eiga stille. Å sitja still i ein stol og la merksemda vera retta mot lyden, mens mitt sinn fekk bala på som det ville. Ja, som om eg rett og slett var begynt å gå på besøk til meg sjølv, klink edru, to gonger dagleg. Altså ikkje prøva å avleia sinnet med noko, men sitja still og la det uttrykka seg som det ville.
I Acem er det mange høve til å møta andre som mediterer. Etter meditasjonen sit ein i vegleiingsgrupper og snakkar om korleis dette arbeidet med å tenka lyden artar seg. Dette var nytt for meg. Ikkje berre det å snakka om korleis det er å prøva å tenka ein lyd uanstrengt, eller med ledigheit, men det å oppdaga korleis desse handlingane likna på måten eg elles i livet prøvde å handla. Av og til kom orda lett, men eg kunne også begynna å stotra, famla etter ord, kjenna ubehag, skam, prøva å kjempa meg fri med setningar om noko anna, vika unna ubehaget, men vegleiaren merka vel korleis eg prøvde å unngå noko, og motiverte meg forsiktig til å gå nærmare, til å vera der orda helst ikkje ville vera, å våga å opna opp og kjenna på mi eiga einsemd, mi eiga hjelpeløyse, at eg kunne føla meg liten og ubetydeleg, og mine skjulte tankar om kor fantastisk og spesiell eg synest eg er.
Ikkje lenge etter eg begynte å meditera, opplevde eg at meditasjonen begynte å bli problematisk. Eg hadde fått det så godt til, men brått hadde det komme noko i vegen for meg.
Eg prøvde å tenka lyden slik eg hadde lært, men noko uklart, som ein stor stein eller noko anna tungt, la seg liksom mellom meg og lyden. Eg
nådde ikkje skikkeleg fram til lyden, og mista ein del av kontrollen på om han var rett tenkt eller ikkje. Eg måtte ta meg saman, og streva, for å få tenkt lyden slik eg meinte han skulle vera. Og i meditasjonen skulle ein helst ikkje streva i det heile tatt. Eg gjekk på ein langmeditasjon for å få snakka om dette problemet.
Eg hadde ikkje lyst å snakka om problemet eigentleg, forstod eg då eg kom inn i lokalet, for tidlegare hadde eg mest snakka om kor fint det gjekk, og aksepten eg følte frå vegleiaren var viktig for meg. Ville eg våga å fortelja henne at det no hadde dukka opp eit problem i meditasjonen? Ville ho bli skuffa? Nei, ho smilte no også. Ho sa at eg hadde komme til eit viktig punkt i meditasjonen min. Ho sa at eg hadde komme til denne vanskelege situasjonen fordi eg hadde meditert nett slik eg skulle. Eg hadde latt det vanskelege få lov å sleppa til. Og no ville ho at eg skulle seia noko om dette problemet. Det var pinleg å sitja i ei forsamling av nesten framande folk og fortelja at eg hadde problem med å tenka ein lyd i tankane, fordi det liksom låg ein stein mellom lyden og meg.
«Ja, eg får det liksom ikkje til lenger. Det er blitt umogleg å tenka den lyden skikkeleg, utan å streva. Det er liksom … eg veit ikkje.» Eg hugsar at eg følte meg dum, og så hugsar eg at ho spurte: Føler du ofte at du må prestera optimalt, og at du helst må vera best?
Spørsmålet trefte meg, ja, visste eg fort, slik var det ofte, eg ville vera den beste, den som alle likte, eg måtte få alt til så godt som mogleg, men eg kjente at eg hadde lyst til å seia nei, at dette hadde eg aldri tenkt, for noko vaktsamt i meg såg, at viss eg innrømte at eg tenkte slik, då var eg kanskje ikkje berre ein grei fyr, men då var eg ein fyr som kjempa mot andre om plassen øvst på pallen, men eg hadde også lært fleire gonger i livet, at når eg lyg, må eg frå då passa på at løgna verkar sann, og det strevet var ikkje noko å trakta etter, så fort, nesten før det var skikkeleg vedtatt i sinnet, høyrde eg at eg sa ja. Ja, dette kjenner eg godt igjen.
Den perfekte måten å tenke lyden på finst jo ikkje.
Ho spurte om eg kunne sjå nokon annan måte å møta denne utfordringa i meditasjonen på, enn å begynna å streva. Nei, det kunne eg ikkje.
Viss eg ikkje strevde med å gjera det rett, så blei det jo heilt feil.
Ho spurte om eg kunne kjenna dette også igjen i livet mitt elles. Dette at eg begynte å streva, viss noko blei problematisk.
Å, ja. Dette kjente eg igjen frå skrivearbeidet. Redsla for å gå tom for idear, redsla for at talentet vakla, redsla for å bli avslørt, at det skulle komma for ein dag kor dum eg var. Eg samla all kraft inni meg, og pressa fram ord, sat og fordømte meg sjølv, men nekta å gi opp, for kven ville eg vera viss eg ikkje lenger var forfattaren Rune? På det verste var det berre tårer som kom fram i ansiktet når eg løfta blyanten frå bordet. Ei mørk fortviling som måtte skjulast. Følelsen av at eg var ein skjemmande flekk i familien sitt liv. At eg ville gjera verda betre ved å bli borte. Å, dette strevet som skrudde meg lenger og lenger ned. Ja, sa eg til vegleiaren, eg kjenner igjen det at eg begynner å streva viss noko blir vanskeleg, og då blir alt verre.
Ho lurte på om eg kunne sjå nokon annan måte å møta vanskane i meditasjonen på.
Eg visste jo at dei alltid sa ledigheit var det sentrale. Men om eg møtte vanskane med ledigheit ville jo lyden bli feil. Ja? sa ho berre.
Meiner du eg berre skal tenka lyden med ledigheit, og la det vera heilt feil? Er ikkje det bortkasta meditasjon?
Det mest hensiktsmessige er å akseptera at det er slik det er, ved å tenka lyden så uanstrengt du kan. Står valet mellom å streva for å få det rett
eller å tenka lyden ledig, sjølv om han blir feil, så er erfaringa at det beste er å velja det siste. At det får bli feil?
Ja. Den perfekte måten å tenka lyden på finst jo ikkje.
Då eg gjekk frå den langmeditasjonen følte eg at noko i meg hadde sloppe fri. Gjennom samtalen hadde eg forstått at det er faktisk akseptabelt å ikkje alltid få det heilt til. At det er betre å gjera det eg kan få til utan press, enn å tvinga gjennom noko eg trur er rettare.
Dei daglege meditasjonane heime, retrettane og samtalane med andre, blei ei kvardagsleg øving i å vera nær det som nett då presenterer seg i sinnet. Akseptera at eg ikkje har kontroll over kva som vil dukka opp. Og etter kvart at eg kan ha tillit til at den beste måten å møta utfordringar på, ikkje er å bedøva dei, eller kjempa imot dei, men la dei få uttrykka seg slik dei vil, mens eg held fram med å praktisera som Rune så uanstrengt eg kan. Eg kjem stadig tilbake til dette.
Følelsen av å ikkje få til. Følelsen av å vera dum. Følelsen av å prestera dårleg. Og av og til kan eg gløyma meg ut i meditasjonen, og impulsivt begynna å kjempa mot ubehaget. Men så pleier eg å hugsa at det blir verre på denne måten. Då prøver eg å sleppa taket i strevinga og meditera vidare så skakt og rart det enn blir, fordi eg nett då ikkje greier betre.
Dei same utfordringane dukkar framleis opp i skrivearbeidet. Då veit eg det blir vanskelegare å skriva. Eg prøver å dempa kravet til meg sjølv, kjenner på ubehaget, lar det få spela seg ut, for eg fryktar det ikkje slik som før.
Etter nokre år med Acem-meditasjon begynte eg å delta på fordjupingskurs. Der sit eg meir på rommet og mediterer enn eg er saman med
andre. Meir stillheit og einsemd enn sosialt liv.
Det kan dukka opp keisemd, angst, fantasiar, følelsar av å vera dum og uverdig, og begynner eg å kjempa imot blir det verre, men lar eg det vera ubehageleg og berre tenker lyden så vennleg og vart eg kan, så går det alltid over i andre mentale situasjonar etter ei tid, for eksempel plutselege periodar der tankar blir borte og det kjennest stilt og fredfullt i heile meg.
Nokre gonger, i bilen på veg til fordjupingskurs, kjenner eg ei varm glede får meg til å gri-
na. Eg kjenner eg er på veg til noko inne i meg som til vanleg ikkje får så mykje merksemd.
Noko som er stilt og lite og fjernt i det daglege.
Noko som liksom ventar tolmodig på at eg skal komma tilbake. Og no er eg på veg.
Dei daglege meditasjonane heime gjer også godt. Eg veit at dette indre rommet alltid er nær. Denne staden der eg prøver å vera vennleg og forsiktig med alt eg er, og alt som dukkar opp.
Rune Belsvik. 1956. Gift. To barn. Fire barnebarn.
Utdanna hjelpepleiar i psykiatrisk sjukepleie 1979 ved Dikemark sjukehus. Har jobba på Valen sjukehus i Sunnhordland, og i Kristiansand kommune som nattevakt i bustad for utviklingshemma. AFP frå 2018. Forfattardebut 1979 med ungdomsboka Ingen drittunge lenger på Aschehoug. Gitt ut over 40 bøker. Mest for barn og unge. Har også skrive skodespel og libretti som er oppført på Teatret Vårt i Molde, Hordaland Teater, Agder Teater, Den Nationale Scene, Det Norske Teatret, Opera Sør og Den Norske Opera & Ballett. Nominert til Brageprisen 4 gonger. Fekk Brageprisen for ungdomsromanen Ein naken gut år 2000. Mottatt Kritikerprisen to gonger for Dustefjerten og den store vårdagen 1996 og Verdas mest forelska par 2001. Andre prisar: Mållagsprisen, Nynorsk litteraturpris, Melsomprisen, Teskjekjerringprisen, Cappelenprisen. Sist utgitte bok, Fugleguten for barn 2019.
Lærte Acem-meditasjon 1990. Har deltatt påretrettar og kommunikasjonskurs.
Deltar jamnleg på fordjupingskurs. Kurslærar i Acem.