Sjølv om me reint logisk både veit og erfarer at verken livet eller kunsten kan levast etter oppskrifter, er det lett å leita etter det likevel.
Det var fleire ting som drog meg i retning meditasjon. Eg var utbrent, hadde altfor mange ballar i lufta og levde eit liv med mange dårlege og fryktbaserte val, noko som igjen førte til at eg var i ein slags permanent fylleangst. Eg sa ting som var dumme og sikkert sårande for andre, for å vera tøff. Jobba for mykje for å verka flink og vellukka. Hadde kjærastar som ville ha meg, utan å kjenna etter om eg var så veldig forelska tilbake. Relasjonane var som regel veldig korte og stormfulle. Eg måtte heilt enkelt finna på noko for å roa meg ned. Kort sagt håpa eg at meditasjonen skulle få meg til å stressa ned og kanskje få nokre svar på korleis eg skulle leva livet. Og når eg hadde fått orden på livet? Ja, då ville også skrivinga mi nå nye høgder.
Eg fekk ingen svar eller oppskrift på korleis livet skulle levast ved å begynna å meditera. Men eg
fekk noko som eg fann like verdifullt: eit rom.
Ikkje eit stille rom, men eit rom der tankar og kjensler kunne få utspela seg utan at eg trengte å rydda opp i dei. Eg skal innrømma at eg i starten gjerne ville rydda opp i alt som kom opp. Det tok meg ein del årå verkeleg skjøna at det ikkje er nødvendig å rydda opp i alt. Eg er ikkje eit åndelig oppussingsobjekt. Framleis seier eg ting eg angrar på, men har blitt flinkare til å seia unnskyld. Det er jo bra. Eg har framleis ein tendens til å jobba for mykje, og bli veldig entusiastisk for ting eg eigentleg ikkje har tid til.
Eg ser at eg, som mange andre, har lett for å la meg riva med av ting eg har lyst på eller lyst til i augneblinken. No når eg ser det, veit eg at desse lystene kanskje ikkje er så dramatiske likevel.
Eg kan sjå på desse impulsane som gjester, eg treng ikkje å seia ja til alle spørsmål og kjekke oppdrag. Det som gjorde at eg møtte veggen var at eg sa ja til alt og prøvde å vera alt. Eg kunne
ikkje vera supermedarbeidar i NRK og jobba masse overtid, vera kjærast, venn, skriva bøker og reisa på bokturnear. No når eg skriv ned alt det eg prøvde å gjera, ser eg med ein gong at det var galskap. Likevel snik det seg tilbake, det at eg seier ja før eg har tenkt over om eg verkeleg har tid. Eitkvart ja, er å seia nei til å skriva. For skrivinga er det mest skjøre eg held på med.
Det mest uhandgripelege, det som ikkje alltid gir resultat. Og resultatlause eller ikkje målbare aktivitetar, står ikkje så høgt i kurs for tida.
På same måte som eg lagar meg eit rom for å meditera i, lagar eg meg eit rom for å skriva.
Når det gjeld meditasjonen kan eg skapa rommet berre ved å lukka auga. Eg kan fint sitja og meditera i baksetet på bilen mens familien småpludrar med kvarandre og radioen står på.
I byrjinga måtte eg ha det mørkt og stilt, no er eg ikkje så sensitiv lenger. Det er sjølvsagt fint å ha nokre meditasjonar i eit rom for meg sjølv i løpet av ei veke, men eg får ikkje tankar om at alt er øydelagt viss eg ikkje får ro til å meditera.
Eg er ikkje berre meir ledig i meditasjonen, men også i høve til at eg ikkje treng å ha det perfekt for å meditera. Det er ingen krise viss det går ein eller to dagar utan at eg mediterer.
Når det kjem til skrivinga, er eg einig med Virginia Woolf: A woman must have money and a room of her own if she is to write fiction.
Eg treng eit rom med ei dør eg kan lukka.
Pengar er også angstdempande. Eller for å vera meir nøyaktig, eg skriv ikkje så godt viss eg ikkje kan betala rekningane mine. For å kunna skriva fritt må eg kjenna meg fri og ledig. For når eg er fri, kan eg berre vera der med orda og historia, la meg flyta med. Med ein gong eg tenker på utfallet av skrivinga, blir det berre rot.
Eg kan heller ikkje skriva viss eg blir avbroten heile tida.
Det er rart med det, metodelyden kan eg plukka opp igjen. Metodelyden er ein ball som ramlar i golvet, men sprett lett tilbake. Ordet er eit krystallglas som treff eit marmorgolv og eksploderer.
Noko av det eg har fått mest ut av gjennom Acem, bortsett frå å meditera, er å vera med i vegleiingsgrupper. Desse gruppene er også rom.
Trygge rom, der ein fritt kan snakka om sånne ting ein helst held for seg sjølv. Berre det å setja ord på det ein går og surrar med i hovudet, er godt, få lov til å snakka utan å bli avbroten eller fåråd ein ikkje har bedt om. Svaret ligg som regel i meg sjølv, eg treng berre få skiten opp og ut sånn at eg får sett nærmare på det. I gruppa skjer det også speglingar, det den eine seier, vekker nokre minner eller assosiasjonar hos ein annan, og sånn går samtalen. Som regel har me opplevd stort sett det same i litt ulike versjonar.
Alle har opplevd noko fælt i barndommen eller ungdommen, familierelasjonar er ein gjengangar, problem på jobben. Det at me alle er så like, er ei stor trøyst. Me har alle vårt, og kvar gong me tar minna fram, blir dei litt mindre skremmande, kanskje me klarar å skriva historia vår litt om, klarar å ta livserfaringane med litt meir ledigheit?
Som forfattar er det også ganske oppmuntrande med tanke på at uansett kva eg finn på å skriva ei bok om, er det alltid nokon som vil kjenna seg igjen i det eg skriv. Nokon vil kanskje til og med få utbytte av det eg skriv?
I grunnen er det berre ein ting som gjeld i meditasjon og skriving viss du har tenkt å få noko ut av det. Det er å vera sann. Våga å fortelja di sanning.
Her klaskar eg til med endå eit sitat av Virginia Woolf: If you do not tell the truth about yourself you cannot tell it about other people.
Då eg gjekk på Bergen Teaterskole, fekk me eit godt råd før me skulle ut i verda: Viss det er noko som helst anna du kan tenka deg å gjera med livet ditt enn å vera skodespelar, er det berre til å droppa heile greia.
Eg droppa skodespelargreia. Det var lett. Eg hadde skrive bok mens eg gjekk på teaterskulen, min plan B var sett i verk. Lærarane hadde også sagt det til meg fleire gonger: Du tenker for my kje til å vera skodespelar. Du er forfattar.
Eigentleg kan det same rådet eg fekk frå lærarane mine på teaterskulen, overførast til alt anna ein har som mål eller kall. Det ville vore lurt om eg alltid hadde denne setninga med meg, for eg har gjort mange andre ting enn å skriva. Og kvar gong har eg ikkje kome tilbake til skrivinga før eg har fått kniven på strupen.
I 2007, då eg blei utbrent første gongen, var ultimatumet: Jobben i NRK eller skrivinga?
Då blei valet lett. Eg slutta i NRK, kasta loss frå den trygge faste jobben og kasta meg ut i forfattarlivet. Eg kan enno framkalla kjensla av å klippa medarbeidarkortet i to, ta ein taxi til flyplassen og setja meg på flyet til Buenos Aires via Amsterdam. Samtidig er det ikkje heilt lett å leva av å berre vera forfattar, ein må gjera mange andre ting for å ha råd til å skriva. Mi forbanning har vore at eg er så dyktig til å gjera andre ting. Eg er til dømes ein inspirerande skrivelærar som kan hjelpa andre vidare i deira prosess. Denne aktiviteten et sjølvsagt opp mi eiga skriving. No sit eg her med kniven på strupen igjen: Di eiga skriving eller andre si skriving? Eg vel mi eiga skriving.
Men det å læra bort handverket til andre har gitt meg viktig innsikt.
I møte med forfattarspirer kjem spørsmålet om oppskrifter raskt på bordet. Korleis skriv eg ei bok? Finst det ein metode? Her er svaret både ja og nei.
Det går an å læra seg handling, struktur og karakterutvikling. Her gjer eg ei grov generalisering, sidan dette emnet er ganske stort, og det krev ein god del å læra seg dette. Den gode nyheita er at me alle saman er fødde med dramaturgi inni oss. Me veit korleis me fortel ei historie sånn reint intuitivt, og det er det som gjer at me kan lesa av andre sine historier også. Likevel kan det vera lurt å vita kva det er ein held på med, kjenna reglane før ein bryt dei. Dette er folk stort sett lite villige til å gjera, særleg sidan det betyr at ein må lesa tjukke bøker på engelsk, prøva og feila og ikkje minst lesa masse bøker, sjå masse film og analysera det heile. På same måte som eg ville ha ei rask og effektiv løysing på problema mine i møte med meditasjonen, vil folk ha ei kjapp og magisk løysing på korleis dei kan bli den neste Jo Nesbø, Unni Lindell, Linn Ullmann, Per Petterson, Karl Ove Knausgård eller kven dei no har som idol.
Både i meditasjon og skriving så kjem ein tilbake til det same, det kjem an på deg sjølv.
Det finst nokre verktøy, men du må gjera jobben sjølv. Det er du som må setja av tid til å meditera kvar dag. Du som må leva med at meditasjonen ikkje flyt av garde, at det kjem opp uro, sinne og tårer framfor ro. At det der med å bli opplyst truleg er oppskrytt.
Det er du som må setja av tid til å skriva, tola dagar der orda ikkje kjem, tola at det du skriv, ikkje er godt, tola å bli refusert, tola å skriva manuset om 10-20 gonger.
Set du av tida, orkar du også når det er tungt, vil du til slutt finna svaret i deg sjølv.
For nokon blir det enklare med eit fellesskap, å finna skrivevenner eller meditasjonsvenner.
Nokon som hjelper oss å forstå at det er normalt at verken meditasjonen eller skrivinga går på skinner heile tida. Av og til er det einaste ein kan gjera, berre å halda ut. Gjennomleva det som skjer oss.
Eg kom til meditasjonen med eit ønske om å kontrollera meg sjølv betre, sånn at eg ikkje skulle gå utover eigne grenser og bli utbrent igjen. Det tok meg lang tid å skjøna at det eg skulle læra, var å heller sleppa kontrollen. For å oppnå ledigheit, måtte eg komma til eit punkt der eg slapp kontrollen. Denne konklusjonen er sjølvsagt ekstremt banal. Det er endå meir banalt å tenka på kor lang tid det tok meg å koma fram til dette. Samtidig så er det nettopp dette som etter mi meining gjer livet og historier spanande: Vegen fram til svaret, ikkje svaret i seg sjølv.
Om nokon spør meg om eg trur meditasjon er noko for dei, svarar eg: Ja, viss du kjenner at det gir deg noko, og du likar å meditera.
Svaret er omtrent det same viss nokon spør meg om skriving: Du må lika det. Du må vera villig til å gi alt, sjølv om ikkje resultatet blir ein bestseljar.
Du må heilt enkelt elska å vera i prosessen.
Viss meditasjonen og skrivinga berre er ein ny ting du plagar deg sjølv med, kan du heller finna på noko anna. Det er ikkje meininga at det skal vera smerte og angst og uro heile tida.
Ledigheit i skriving og meditasjon kjem ikkje ved å vera målstyrt.
Enkelt, banalt og klisjeaktig? Heilt klart, men eg trur denne klisjeen trengst, særlig i ei tid der tilbod om enkle oppskrifter, rutinar og målbare løysingar nærmast blir kasta mot oss. Eg kan knapt opna Facebook, Instagram eller e-posten min utan å få reklame for meditasjons-appar som skal få meg til å sova betre, prestera betre eller kjenna meg vedunderleg avslappa og opplyst eller skrivetips og skrivekurs for korleis eg kan skriva ein bestseljar. Nyansar sel ikkje.
Kvar gong du set deg ned for å meditera eller skriv eit dikt kanskje ingen kjem til å lesa, er du ei motvekt til alle livsoppskrifter. Begge desse tinga krev mot. Dette motet gjer deg neppe til ein folkehelt, men du kan oppleva at det vil bli enklare å leva med deg sjølv. Det krev mindre mot å riva deg laus frå kva alle andre meiner.
Lettare å sjå at alle andre eigentleg er mest opptekne av seg sjølv, sånn at du i realiteten er meir fri til å gjera kva du sjølv vil utan tanke på alle andre. Klarar du å leva denne fridomen, vil du kanskje enda opp med å lika deg sjølv, og hoppsan berre det å verkeleg lika seg sjølv er etter mi meining å vera opplyst nok for dette livet.
Rett og slett vera engasjert i dei erfaringane livet byr på, oppturar som nedturar.
Ei av mine absolutte favorittbøker er Kilden av Gabriel Scott. Starten på boka er for meg heilt magisk: Et menneske kommer til verden, det vandrer rundt i en ham av støv, det lever og spreller og strir en tid, det trekkes med sykdom og urett og savn. Så dør det og går i glemme og blander sitt støv stille med jorden. Markus står det kanskje på brettet, hvad for en Markus var det?
På same måte som Markus berre skulle vera Markus, skal eg berre vera meg og du deg. Livet blir i alle fall mindre alvorlig når me berre ser på det som ei rekke erfaringar, før me skal blanda vårt støv stille med jorda.
Eg er født i 1976 og kjem frå Tysnes i Sunnhordland. Bur på Lidingö og Baggebol gård i Södermanland i Sverige. Er gift og mor. Debuterte med romanen Viss du vil på Det Norske Samlaget i 1998. Jobbar som forfattar, skrivementor og bonde. Eg lærte Acem-meditasjon våren 2009, har deltatt på fleire retrettar på Lundsholm og kommunikasjonskurs på Halvorsbøle, dessutan vegleiingsgruppe i Stockholm.
Det var alltid meininga at bror min skulle overta garden heime. Eg var fri til å finna min eigen veg og plass i livet. Det tok meg først ut i verda, med trillekoffert på slep, før eg fann min plass i verda og kjærleiken i Sverige. Eg som ikkje skulle bli bonde fordi eg var yngst, endte opp med å kjøpa gard i Södermanland i Sverige.
Eg er utdanna skodespelar frå Bergen Teaterskole og fjernsynsjournalist og dokumentarfilmregissør frå Høgskulen i Volda. Har jobba i fleire aviser, mellom andre bladet Tysnes (der også romanheltinna Engel Winge jobbar) og Hardanger Folkeblad. Har jobba fleire år i NRK, lengst i Newton. Frå 2007 har eg vore eit fritt menneske som lever av forfattarskapen min.