Forfatter Rune Belsvik: Krystallskålen

"Men er det nokon vits i å tenka lyden no når alt er tapt, tenker ho". 

- Et litterært øyeblikksbilde fra en helt vanlig meditasjonshalvtime. 

Han smiler til henne at det er i orden. Ho kan berre gå inn og meditera. Ho set seg i stolen, stiller klokka og lukkar augo. Og det er stilt og mjukt og mørkt og ei aning blått inni der, og ho blir redd ho skal forstyrra det milde og rolege, at det skal gå i knas, og lyden har ho alt tenkt nokre gonger, og no tenker ho lyden så forsiktig ho kan, mildt, og ho høyrer han tar ut av oppvaskmaskinen inne på kjøkenet, og ho kjem på krystallskåla som står inni der og kva som vil skje om han mistar henne på flisegolvet, smellet og alt det knuste glaset, tenker ho, og lyden, lyden, tenker ho, og høyrer at no tar han ut dei store middagstallerkane, ein for ein stablar han opp i neven, inn i skapet med dei, og så er det dei små tallerkane, dei djupe tallerkane, ja, ho synest ho kan høyra kva for tallerkar han tar ut, skåla, der tar han henne ut og ho går ikkje i tusen knas mot golvet, men kjem inn i skapet og koppar og glas kan ho høyra han tar ut, og i det same var det noko, ja, ho merka det ikkje før det så å seia var borte, i siste sekund, og så var det vekk.

Det var som når båten glir over ein stein eller eit skjer, og ein forstår kor galt det kunne gått om ein hadde styrt ørlite annleis, men så gjekk det altså på millimeteren greitt, og no er det borte. Kva var det? Bør ho snu? Men det er uråd å snu i meditasjonen. Ho kan prøva å minnast det så godt ho kan, for å visa at ho ikkje er redd for å møta det, om det er noko der ho burde møta, at ho ikkje stikk av, lyden tenker ho i dette, ikkje gløyma lyden, ikkje så sterkt, forsiktig, ja, men ho tenker at ho skal ikkje prøva å finna ut av kva det var det som blei borte der under henne, for det har ho lært, at det har ikkje noko for seg å prøva å finna ut av noko i meditasjonen, og no er det denne ugreie forvirringa og tvilen som er her, ho blei vippa ut av balanse, ja vel, men lyden tenker ho, har ho tenkt så å seia heile tida, ja, kanskje til og med heile tida, trur ho, og så høyrer ho vinden ute, ein kraftig vind no og null grader som ho såg på gradestokken. Kanskje ho gløymte å tenka lyden då ho tenkte på krystallskåla. Vind og kulde er alltid truande. Og no er han ferdig på kjøkenet, han gløymte bestikket igjen, det kan ho ta etterpå berre ho hugsar det, og han set seg i stolen sin i stova, søkk tungt og sakte ned i stolen, høyrer ho, og så tar han etter tyggegummieska si, opnar henne og plukkar nokon ut. Berre han ikkje tenker på å fyra i omnen, og så blir stova full av røyk, brannalarmen vil begynna å hyla, og då må ho berre avslutta meditasjonen, ja, då nyttar det ikkje meir, nei, viss brannalarmen går reiser ho seg og går inn til han, for han finn aldri ut av dei greiene der når dei ringer frå vaktselskapet og skal vita passordet og om det verkeleg brenn eller berre er vedomnen igjen. Men han blir sitjande, og vinden ruskar i buskane i hagen.

Det bit til i den høgre skuldra. Det betyr at ho har sete ei stund, for det er alltid mot slutten at skuldra blir vond, og i nakken, nei, det er ikkje nakken, det er på høgre side i halsen, noko som liksom kravlar vondt ned der, ei svart og tung larve, tenker ho, og at det står ein ulv i skuldra og uler smerta ut, kva er det han uler etter, er han einsam, er det for fælt, berre det ikkje blir uuthaldeleg, at smerta blir meir enn ho klarer å vera i, og det er ikkje noko larve på halsen, det er som om ein tommel blir pressa hardt og vondt inn frå sida der, og lyden tenker ho i smerta, ja, men ho merkar at ho bøyer seg fram, og ho lurer på om det er for å sleppa unna, men ho spurte ein gong om det var greitt å bøya seg fram, for ein gong var ho redd for å øydelegga meditasjonen på den måten, men vegleiaren spurte henne berre om kva ho trudde ville skje om ho bøygde seg fram, og etter det har ho av og til bøygd seg fram, men det var for å sleppa unna smerta denne gongen, veit ho, så ho rettar seg opp for å vera i det vonde, viss det vonde framleis er der, og det er det. Det er hardt og vondt. Men ho tenker lyden. Det er ei velkjent smerte. Og poff, så er smerta borte, ah, med ein gong kjenner ho seg ovanpå, ho sat i smerta og no er smerta over, så godt, det feirar i henne, men så smell det tilbake, noko hardt og svart og utan nåde krev sin plass i hals og skulder, og ho som var så dum å feira at alt var over, no skjemst ho, og dette er vel straffa, at alt kjem hardare tilbake til den som begynner å feira for tidleg, og lyden får ho tenkt, men er det nokon vits i å tenka lyden no når alt er tapt, tenker ho, ja, ja, er det ikkje nett då det er viktig, og så tenker ho lyden, det er ikkje enkelt, men ho prøver, for tankane om å gi opp og at det er nyttelaust er tankar ho har hatt mange gonger før, ho prøver å tenka lyden utan å pressa han fram, og ho trur det er rett og viktig, ja, slik skal det gjerast, tenker ho brått, og så ringer klokka. Det er også godt. Då opnar ho auga. Ho finn fram brillene, slår av alarmen på telefonen, sit nokre sekund før ho går inn i stova.

Korleis var det? spør han.
Jo, det var greitt det. Litt vondt i skuldra, men …
Du held det ut du, tenker eg.
Ja, ja.
Eg lurte på om du ville fyra i omnen.
Ja, det vil eg. Eg skal fyra opp, seier ho.

(Bilde av cottonbro studio: https://www.pexels.com/nb-no/bilde/naturlig-mat-kokk-kjokken-hjem-4057682/)

Ok