Den 3 meter høge kritikaren

Dette som er så viktig for henne.  Men tenk om ho tok feil, tenker ho no. At ho trudde ho forstod det, og så klamra ho seg fast til denne forståinga inni alt som flyt og bølgjer og surrar i meditasjonen.  Ho vil ikkje bry seg om si indre kritiske stemme. Ho ber Kritikaren i seg ta ein pause, men då reiser Kritikaren seg 3 meter høg og ser på henne.

Så dum

Ho er redd det skal bli oppdaga kor dum ho er.  Å, så dum du er! ropar det i henne.  Du trudde du hadde sett eit glimt av lyset.  Ja, skriv det berre ned, og la dei sjå kor dum du er.

Ho stivnar ved tastaturet.  Det er som å gå inn i eit selskap som skal vera enkelt og hyggeleg, og så kjenner ho noko størkna i magen, og munnen bli redd for å forma ord.

Ho sit og ventar på at det skal dryssa perler over henne.  Perler av forståing.  Glitrande setningar.  Ho trykker ned bokstav for bokstav, og så fort ho ser på skjermen søkk ho saman.  Det er berre dumme dryp frå myra i henne.  Dumt.  Ubrukeleg.

Det hulkar i henne.  Noko lite og engsteleg har krøkt seg saman der inne.

Ikkje vera så opptatt av å få til

Her har ho vore før.  Inne i dette einsame mørket.  Inne i denne hulkinga.  Og ein gong på ein retrett høyrte ho nokre ord som handla om måten å tenka lyden på:   Å tenka lyden ledig er også ei øving i å ikkje vera så opptatt av å få til, men meir av å prøva så ledig ein kan.

Desse orda endra noko i henne, følte ho.  Noko kom seg ut av det umoglege og inn i det moglege.

Ho var opptatt av å få til alt ho sette i gang med.  Det skulle vera korrekt.  Det fanst ein travel og vaktsam instans i henne som såg etter at alt gjekk rett for seg, at det følgde malen, og viss det kom antydningar til at ho ikkje ville få det til på den rette måten, så begynte ho å kjempa for å få det til likevel .

Då ville ho eigentleg ut av meditasjonen.  Bort frå dette.  Elles kunne ho hamna i denne einsame, mørke kråa hos si eiga skam.  Ho ville ikkje vera der.

I kråa

Fleire gonger hamna ho likevel i kråa, eller andre vanskelege tilstandar i meditasjonen, det kunne følast som om ho hadde komme inn i ein svært smal passasje mellom solide veggar.  Det var vanskeleg å tenka lyden der, ja, det var som om veggane sto pressa inn mot lyden, han var så å seia klemt fast.  Straks begynte ho å kjempa.  Ho måtte få det til, det var det einaste som betydde noko.  Det følte ho seg sikker på.  Ho måtte få til å tenka lyden skikkeleg, elles ville det bli fælt å vera henne.

I vegleiinga etterpå spurte vegleiaren om ho kunne sjå nokon annan måte å vera i dette på enn å kjempa imot.

«Nei.» 

«Kva er det som er så farleg med å ikkje få det til?» spurte ein i gruppa.

Å, ho hadde ikkje lyst å svara på det.  Ho ville ut av dette ubehaget.  Ville ikkje vera her.

«Det er så vanskeleg.  Så forferdeleg flaut å ikkje få til å tenka den lyden, men eg gjer så godt eg kan.  Kjempar meg vidare.»  «Så enten må ein kjempa, eller så må ein gi opp?»  «Ja, kanskje …»  «Det å tenka lyden ledig er også ei øving i å ikkje vera så opptatt av å få til, men meir av å prøva så ledig som mogleg.»

Noko opna seg på gløtt i tankane.  Kunne ho prøva å akseptera at det var rotete og dårleg av og til.  Altså tenka lyden utan å kjempa gjennom eit bestemt resultat.  Utan å bruka krefter.  Det viktige var visst ikkje resultatet.  Å få det til.  Men det at ho prøvde.  Det var sjølve prøvinga som var viktig her.

Ho ville øva seg i å ikkje vera så opptatt av å få til.  Nokon sa til og med at det var umogleg å tenka lyden perfekt.  Det beste ho kunne gjera var å prøva å tenka lyden så ledig ho kunne.

Ingen perfekt

Det var godt å høyra at ingen kunne gjera det perfekt.  Då kunne ho iallfall gi slepp på tanken om det perfekte.  Ho forstod at det viktige var sjølve prøvinga.  Det vaktsame i henne slapp ørlite av grepet.  Det var som om ho lenge hadde opptredd og kjempa for å halda fasaden, til og med i sitt eige indre, men at det no likna ørlite meir på ein leik.  Det var ikkje like farleg å snubla.  Snubling var ein del av det å prøva.  Ho kunne prøva på nytt og på nytt.

Når ho hamna i den mørke, einsame kråa, eller følte seg inneklemt i ein trong passasje, så var det ikkje feil stad, det var ein del av henne ho kunne prøva å vera i.  Ikkje flykta eller kjempa i mot.  Men prøva å tenka lyden utan å bruka krefter også der.  Å, det var ein vanskeleg stad å tenka lyden.  Av og til blei det heilt uråd å tenka noko lyd der.  Andre gonger blei det eit svakt klynk.  

Med lyd og fest i ledighet

Den vaktsame delen av henne reiste seg fleire gonger frå stolen, klar til å gå i kamp.  Men det var også ein annan del av henne som ikkje måtte rydda og ordna og ha full kontroll her.  Ho kunne la det vera problematisk, og halda fram med sitt vesle oppdrag:  Å prøva å tenka lyden med ledigheit.

Slik kunne ho også av og til gå inn til dei andre, inn i festen, og det var i orden å ikkje vera så festleg.  Ho måtte ikkje korrigera det med å heva stemma, eller ta seg saman og pressa fram smil, ho kunne akseptera at det var nok å vera til stades og berre by på dei orda ho hadde.

Ho måtte ikkje vera festleg og hyggeleg for å gi seg sjølv adgang til dei andre.  Ho kunne vera i prøvinga.

Den 3 meter høge kritikaren kan stå der, men han får ikkje bestemma alt.      

 

EIT ROM

Eit rom står ope.  Eg gjekk inn der når det var vanskeleg.  Eg gjekk inn der når det var enkelt.  Det skulle ikkje ryddast eller pussast opp.  Alt eg gjorde der var å prøva å tenka lyden så uanstrengt eg kunne.  Så blei det eit rom, ein stad som alltid ventar og slepper meg inn.

Ok