Meditasjonstankar: Rastløyse i meditasjonen - kva gøymer seg bak?

Frå forfattar og kursleiar Veronica Erstad.

Eg kan kjenne det i det eg set meg ned, eller før det, på veg heim frå jobb, ein motstand mot å meditere. Det er fint vêr, eg vil vere ute. Eg veit at meditasjonen etter arbeid gjev meg overskot til ettermiddagen og kvelden, så eg har bestemt meg for å meditere likevel.

Eg lukkar augene, og gjentek lyden. Eg gjentek lyden, det går greit ei stund, kva er klokka, tenker eg, eg sjekkar klokka, det har berre gått ti minutt! Eg gjentek lyden, prøver å vere her, nær det som er, men det hakkar, og det gjer meg frustrert. Så kjem impulsen igjen, raskt, eg rekk ikkje å reagere.

Eg sjekkar klokka femten minutt igjen. Det er lenge. Av og til bryt eg av meditasjonen. Då er eg i gang med å lage middag før eg har tenkt tanken.       

Kva er denne rastløysa som kjem i meditasjonen? Kva er det som styrer meg så fort? Det er impulsar som er raske, og som eg ikkje har kontakt med. Det er noko som vil vekk. Det vil ikkje at eg skal gjenta metodelyden med ledig merksemd, og vere i det som er her.

Rastløysa er så rask. Utan å vurdere det har eg reist meg frå stolen og er i gang med i lage middag. Etterpå kjem tanken, Kva var det som var så sterkt at eg ikkje kunne fortsetje? Det veit eg ikkje, for eg fekk ikkje vite det. Det virkar som om eg bryt av utan grunn.

Eg blir nyfiken på denne krafta som rastløysa i meg har. Kva skjuler seg bak ho? For eg trur at det er noko som gøymer seg bak rastløysa. Ikkje alt i meg har ord. Ein smerte, eller einsemd i meg, er ordlaus. Det er kroppesleg. Nokre gongar spennener eg kring munnen. Nokre gongar spennar eg meg i nakken.

Eg vil bort, men prøver å vere i det. Gjenta lyden, sjølv om det ikkje er perfekt, sjølv om det hakkar, og eg berre får med ein liten del av lyden. Då hender det at det opnar seg i meg. Eg kan bli trist, utan at eg veit kvifor renn tårene frå augene. Eg lêt dei renne. Det er noko ordlaust i meg som vil ha merksemd, og det skal det få.

  • Veronika Erstad

    Veronika lærte å meditere i 2012, og har vært kurslærer i Acem siden 2021.

    Hun er forfatter og miljøterapeut. 

Ok