Korleis nærme seg eit språklaust område med metodelyden?

Vatnet er i endring sjølv når du ikkje kan sjå det

Det er eit mørker i deg, eit område som stel energi utan å gje noko tilbake. Du tenkjer på det som ein sump, ein svart innsjø. Det er kanskje ei sorg der, kanskje eit sinne, men det er vanskeleg å få tak i, mest av alt er det eit energisluk, det begrensar deg. Det er eit språklaust område som du prøver å nærme deg med metodelyden. Du prøver å sjå det, vere der, men du snur deg bort, det kjennast tungt å gjenta lyden. Du har lite lyst til å akseptere eller inkludere. Du har verna deg så lenge at når du slepp opp så veit du ikkje kven du er, eller kven du kan vere. 

Eg har motstand mot å meditere. Når eg mediterer er det vanskeleg å gjenta lyden. Lyden kan få lite merksemd, gli unna, eller det blir noko hardt i måten eg gjentek lyden på, og nesten eit ønske om å gjere det hardt, banke eller slå, med metodelyden. Det er ein irritasjon og aggresjon i meditasjonen som eg ikkje har kjent før. Det siv òg ut frå meditasjonen. Kor lett eg irriterer meg over andre, sjefen, kjærasten. Sinne og irritasjon er langt unna eit bilete eg har av meg sjølv, av korleis eg er, og av korleis eg burde vere. Det er viktig for meg å vere snill og grei. Det er det eg har lært. Det er ikkje lett å akseptere sinne og irritasjon, i meditasjonen eller i livet, men det er der. Det er ein irritasjon som eg må prøve å møte, slik eg møter resten av spontanaktiviteten, likestilt, på lik linje.

Det er eit mørker i deg, ein svart innsjø i brystet som du ikkje vil ha der. Du vil ha det bort. Du pressar. Du dyttar. Du ignorer og protesterer. Det hjelper ikkje. Når du blir ståande ved innsjøen ser du små krusningar i vatnet. Sakte blir det svarte mindre svart. Du ser ein og annan småfisk. Trykket i brystet lettar litt. Du gjentek lyden. Seinare tettar det seg til igjen, og ingenting er å sjå. Då gløymer du nesten at du har sett fisk i vatnet. Det svarte er ikkje tett som olje, men noko som rører på seg. Vatnet er i endring sjølv når du ikkje kan sjå det.

Av Veronika Erstad

Ok