Korleis nærme seg det kreative på ein listig måte

Ein samtale mellom kurslærer Jan-Egil Finne og moderator og forfattar Veronika Erstad om kreativt arbeid og meditasjon.

Eg treng det uforutsigbare, det som eg ikkje har kontroll over, for å kunne skape noko nytt. Det er måter å søke det kreative på, ved å bryte nokre strukturar som allereie er der, som vaner eller mønster.

- Eg tenker ikkje før eg skriv. Det er ein intuitiv måte å jobbe på, å stole på impulsane. Ein før-intellektuell handling.

Det er paradoksalt at du på ein måte er opptatt av det pre-verbale i skriveprosessen. Det er noko som ikkje har ein språkleg form.

 

-Ja, det kan vere erfaringer som ligg i kroppen, stemningar.

 

Erfaringer som enda ikkje har fått sin historie, eller sin faste form.

Kva gjer du då, for å kunne vere i det feltet der?

 

-Eg skriv fort, utan å planlegge først. På same måte redigerer eg, når eg skriv lyrikk. Det kan oppstå ny måte å formulere meining på, med å flytte på setninger. Det er litt annleis når eg skriv barnebøker, fordi forteljingen er tydelegare. Men eg planlegg ikkje på forhånd kva som skal skje, eg skriv det fram. Eg skriv fort, og kort. 

 

For meg er dei kvalitetane ein øver på i meditasjonen, ved å gjenta metodelyden, viktige. Det opne, nysgjerrige, å prøve og romme ein fjær når det bles. Den justeringen, der min vilje fell litt i bakgrunnen. Viss min vilje blir for sterk, så mister eg det kreative potensialet. Eg er eit medium for materialene mine. Idéen er det som vil, eg er underordna det. Eg syns det er ein spennande måte å tenke på.

Metatankar

-Eg kan kjenne på ein usikkerheit i forhold til skrivinga. Særleg no når eg har ein periode der eg ikkje arbeidar med noko. På ein måte er det riktig for meg å ha ein pause, men det er likevel vanskeleg. Det å jobbe kvar dag føles betre. Sjølv om eg på andre sida tenker at prosessen treng pause. 

 

Det er noko med ledigheit òg, å late dei innfalla og kjenslene som kjem få vere ein del av prosessen. Eg er ikkje opptatt av å kjenne meg inspirert, for det blei ein felle. Eg er ikkje opptatt av å kjenne på spesielle kjensler, for då styrer ein for mykje.

 

-Metatankane som kjem når du har ein performance, er det noko du kjenner igjen fra meditasjonen?

 

Eg har dei skiftene mellom det heilt fantastiske, til det heilt låge. Der har meditasjonen hjulpet meg til å romme den stemningen, for eg kan ikkje slutte å handle, eg må fortsetje å vere i det, og stole på at det endrar seg og ikkje late dei tankane få styre det. For det kan vere fristande å gjere noko spesielt, få det til å sjå stileg ut, men det er ikkje derfor eg er der. Det er ikkje det eg vil.

 

-Eg har store skiftningar i skrivingen. Det snur ganske brått mellom dei storslåtte tankane om meg sjølv og det eg skriv, til der eg nedvurderer det sterkt. Det er så endeleg at eg har vanskeleg for å ha avstand til det. Då stoppar skrivinga og eg sender manuset til ein redaktør eller andre som kan lese det.

Du vil ikkje forhalde deg til det?

 

-Nei, eg vil vekk. Eg veit ikkje om det treng vere slik, eller om det at eg mediterer kan endre det på sikt. 

 

Kreativitet

Vi er summen av alt som er rundt oss. Vi har skapt oss ein førestelling om at vi er adskilt, og så er vi eigentleg ikkje det. Forløsningen i kreativitet handler om å sleppe seg inn i det. 

 

-Leik og rørsle. Eg kan kjenne ein sensitivitet i høve til verda ikring meg. Eg kan kjenne at eg blir meir tynnhuda. Kanskje er det noko med merksemda som eg har lagt meir merke til dei siste åra. 

 

Det usikre er kanskje óg knytta til det tynnhuda. Viss ein ser på motsatsen, at ein er svært skråsikker, så er det kanskje vanskeleg å sjå nyansar og vere sensitiv. Eg syns forvirring er ein interessant kjensle. Og performance jobbar ofte med forvirring. Eg ser det som at mennesker er veldig mottakeleg for nye ideer og tankar når ein er forvirra, for då veit ein verken opp eller ned, og det kan smette inn noko som ein ikkje klarer å beskytte seg mot, smette inn forbi sensuren. Å sleppe kontrollen, eller spenne bein på seg sjølv.

 

Både i det kreative og i meditasjon, må ein ha eit samspel, ein leikenheit. Du kan ikkje ville for mykje. Du må ville akkurat passe mykje. Viss du vil for mykje ledigheit går det ikkje. Pendelen mellom ledigheit og konsentrasjon er óg tilstade når eg gjer noko kreativt, og det vil pendle. 

 

-Eg tenkjer at når eg skriv så er det frå det ubevisste, som eg ikkje er klar over. Andre vil kanskje sjå det. Slik er det også i meditasjonen, at det tar tid før ein sjølv ser kva ein held på med. 

 

Det er noko som vil opne, men det er noko som kanskje vil stenge av.

 

-Eg har tenkt på det. Eg skriv fort, og så stoppar det.

 

Det kreative og det systematiske passer ikkje saman for meg. Når eg jobbar på studioet må eg ha fem, seks, sju ting å gjere samtidig, og hoppe mellom dei. Det likar eg, då kan det skje ting. Meditasjonen er heller ikkje ein rettlinja prosess.

 

-Eg óg jobbar gjerne i fleire dokument samstundes. Gjerne tre samstundes. Eg hoppar litt mellom dei og likar det. 

 

Det konstruktive, ikkje fokuserte. Eg må defokusere, men ikkje på ein distansert måte, det er ein merksemd der. Eg tenkjer at meditasjonen går mange stader, men at ein må stole på det, det som kjem. 

 Jan-Egil Finne og Veronika Erstad

  • Veronika Erstad

    Veronika lærte å meditere i 2012, og har vært kurslærer i Acem siden 2021.

    Hun er forfatter og miljøterapeut. 

  • Jan-Egil Finne

    Kurslærer i Acem. Jobber som allmennlærer og kunstner.

Ok