Forfatter om Acem-meditasjon: Kaos i hovudet

"Og dette er berre toppetasjen, for lenger nede er ein hemmeleg kjellar som blir styrt etter hemmelege prinsipp og med eit hemmeleg mannskap. Der skal det visstnok finnast ein hemmeleg maskin som har enorme krefter," skriver forfatter Rune Belsvik om Acem-meditasjon.

Eg har eit firma i hovudet. Hørk, som dagleg arbeider overtid, spring rundt ved sanseinngangane og klistrar adjektiv til alt som passerer: Kjedeleg, kjekt, vakkert, godt, dumt, djupt, overflatisk, greitt nok.

Røkkval ryddar i minnearkivet, leitar etter glør i gamle hendingar, for å sjå om dei står i fare for å blussa opp, prøver å fiksa dei, noko sløkker og blir sloppe ned i mørket, eit hol i golvet der, mens anna kan vera vanskeleg å få gloa ut av, det gir seg aldri, gløder surt og tolmodig år etter år.

Hjynne brukar all ledig tid på trimrommet. Ho er i god form, og legg planar for neste minutt og time og dag og veke og kanskje til og med år, planar som Hørk karakteriserer som gjennomførbare, vanskelege, tåpelege osv.

I eit rom utan dagslys har Fjekke sitt ustoppelege strev med å dyssa ned følelsar og tankar som er fulle av uro. Følelsen av å ikkje høyra til. Følelsen av å vera dum. Følelsen av å vera einsam. Tanken på at heile firmaet skal døy og bli til støv. Tanken på å vera heilt spesiell – enten spesielt elendig eller spesielt god.

I korridoren står eit måleapparat med ei tynn, rød pil som peikar imot ei av tre utsegner: «Er ikkje god nok», «Er som andre», «Er for god for denne verda». Av og til pressar pila seg kvinande ned i venstre side, der ho dunkar i kanten og eit dryss av rust fislar mot golvet. Slik kan pila stå frå sekundar til månader, før ho uventa sprett over i motsett side med eit pling og eit lysglimt. Då kjem Fjekke fort og sett eit skjermbrett framfor apparatet. Når pila står rett opp og midt i utsegna «Er som andre», fell det meste til ro på ein måte som alle i firmaet sett pris på.

Ved fantasiens catwalk står Stipynder klar til å studera neste idé som når som helst kan komma spankulerande ut. I heldige tilfelle treffer ideen Stipynder i arbeidslysta, så han blir oppslukt av å gjera ideen verkeleg. I søppelbøttene der inne er det haugar av gamle og avviste, eller berre halvt utprøvde, idear.

I ein djup stol sit latsabben Tørbel og feirar følelsen av ikkje å vita og ikkje forstå, ja, den store gleda ved å ikkje begripa kor dette firmaet kjem frå, kor det skal, og kva som er vitsen med det, mens Pjant stangar hovudet mot veggen av same grunn.

Og dette er berre toppetasjen, for lenger nede er ein hemmeleg kjellar som blir styrt etter hemmelege prinsipp og med eit hemmeleg mannskap. Der skal det visstnok finnast ein hemmeleg maskin som har enorme krefter.

Ok