Meditasjonstips: Ta ansvar ved å gjøre mindre

Er det å møte motstand i meditasjonen, og vere nær det som er der, er det å ta ansvar for seg sjølv, og dei ein har rundt seg?

Eg har ikkje lyst til å meditere i dag. Det er som om eg allereie veit at det blir ubehageleg. Likevel set eg meg ned og gjentar lyden, fordi det er ein vane eg har. Eg treng ikkje å bestemme meg for det. Eg lukkar augene, og i det same eg byrjar å gjenta lyden, spenner kroppen seg. Først kring munnen, leppene strammar seg, så spreier det seg til overkroppen, skuldrene og nakken. Det er så vidt eg kan gjenta lyden. Det kjens trangt ut. Når kroppen spenner seg, kjenner eg ikkje kjenslene. Spenningane stenger av. Det er som om kroppen er i beredskap, utan at eg veit kva det farlege er.

Metodelyden er ikkje slik eg skulle ønske han var. Eg gjentar lyden, men det er berre ein liten del av lyden, og det gjer meg frustrert. Metodelyden er for hakkete, for stram, det kjem tankar om kor håplaus eg er, at med ein slik måte å gjenta metodelyden på, kunne eg like godt late det vere. Det er kjente metatankar som kjem. Eg prøver å gjenta lyden, sjølv om eg ikkje får det til, sjølv om eg har lyst til å gje opp.

Eg har ei kjensle av at eg vil kaste meg på golvet, sparke og slå rundt meg, i frustrajon eller sinne. Eg gjentek metodelyden der, sjølv om eg kjenner meg lita og makteslaus. Då kan det losne litt, alt det stramme. Istaden blir eg trist, og nokre tårer renn ned over kinnet. Eg kjenner ei einsemd som gjer vondt, og som eg gjer mykje for ikkje å kjenne på, i meditasjonen, og i livet.

Eg er heilt lita, og heilt aleine. Eg var det ein gong, men slik er det ikkje no, eg er vaksen, og eg gjentek metodelyden i tankane. Eg er heilt nær noko som nesten gjer for vondt. Eg veit ikkje kva det er. Det er kanskje ikkje så viktig. Det som er viktig er at det får sleppe til i meditasjonen. Det er ein del av meg eg har brukt mykje krefter på å halde unna, og jo meir eg slepp det til i meditasjonen, jo mindre vil det begrense meg i livet.

Å meditere er ein indre handling, det er ein mogelegheit til å handle annleis, og gradvis, over tid, få større fridom i forhold til det indre landskapet som pregar ein. Dei indre kreftene som gjer at eg fort kjenner meg avvist av andre. Når det får sleppe til i meditasjonen, saman med ein ledig gjentaking av lyden, skjer det ei lita endring.

Eg veit at eg lett kan kjenne meg avvist, og eg trur det har med ein indre einsemd å gjere, ei frykt for å vere aleine, men eg vil ikkje at det skal hindre meg i å ta kontakt med andre. Ved å sleppe det til i meditasjonen, og late det vere der, blir det mindre styrande i livet mitt.

No kan eg snakke med han kjekke kollegaen på jobben, istadenfor å late som eg ikkje er interessert. Eg tar meir kontakt med folk, når eg har impuls til å gjere det, fordi dei kreftene som held meg tilbake ikkje er så sterke. Eg er ikkje like sårbar for å bli avvist.

Når vi mediterer møter vi oss sjølv. Å meditere er å ta ansvar for seg sjølv, for livet sitt, og for sin del i relasjon til andre. Det er å sjå seg sjølv tydelegare, og det gjev sakte, over tid, noko større fridom i forhold til korleis vi handlar. Eg kjenner meg sårbar når eg skriv dette, for åpen, men eg gjer det likevel. Eg held meg ikkje tilbake.

Veronika Erstad

  • Veronika Erstad

    Veronika lærte å meditere i 2012, og har vært kurslærer i Acem siden 2021.

    Hun er forfatter og miljøterapeut. 

Ok