Refleksjon: Er meditasjon noko for meg som jobbar i helsevesenet?

Jobbar du i helsevesenet, er stress og høgt arbeidspress ein del av kvardagen.  Kan meditasjon hjelpa?

Det skjer mykje i løpet av ein arbeidsdag.  Du får rapport frå dei som går av vakt.  Du må vurdera kva for ei oppgåve som hastar mest, og kva som kan venta ei stund.  Du må helst vera ferdig med utfordringane heime hos deg sjølv, så ikkje irritasjon eller grubling over uavslutta situasjonar begrensar deg for mykje i arbeidet. 

Du har gjerne eit krav til deg sjølv om å gjera ein god innsats.  Du har kanskje erfart at det er umuleg å gjera alle tilfredse og glade, men den tristheita eller smerta du ser i andres ansikt gjer noko med deg.  Det kan bli tungt å måtta møta dei utfordringane du ikkje får gjort noko med. 

Men du prøver å rista av deg den tunge følelsen, og går laus på neste oppgåve, gjer så godt du kan, og håpar innsatsen din skal vera til hjelp.  Kanskje skal du samarbeida med den kollegaen du har eit enkelt og likefram forhold til.  Og kanskje må du samarbeida med henne som har så lett for å føla seg kritisert, og deretter liksom stenger heilt av. 

Det kan vera oppgåver du likar mindre å arbeida med enn andre.  Kanskje kvir du deg for noko du veit står for tur. 

Ikkje alle er like glade i personalmøte.  Kanskje er det ei kjedeleg sakliste.  Kanskje er det utfordrande spørsmål.  Nokon synest personalmøte er ein lang seanse der dei føler seg uvel mest heile tida.  Kanskje var det noko du hadde bestemt deg for å ta opp, men så mista du motet.  Kanskje blei du mest opptatt av dei som snakka så å seia ustanseleg, eller at snakkinga alltid enda opp langt borte frå det som faktisk var saka.  Kanskje var du uroleg for at dei andre skulle synast du såg sliten ut, eller at dei mest ikkje rekna med deg sidan du sa så lite. 

På veg heim kan du merka at tankane er travelt opptatt med noko av det som skjedde i løpet av arbeidsdagen.  Men no må du ta deg saman, og få gjort i stand middag til ungane.  Du må passa på at dei får gjort leksene.  Du må finna ut om det er noko som tynger dei, og så må du ikkje gløyma å ringa til mor di. 

Eg kjenner til dette, etter å ha jobba i helsevesenet i over 20 år, i psykiatrien og i ein bolig for utviklingshemma. 

Når du endeleg legg deg til å sova om kvelden, så er ikkje søvnen det første som kjem.  Du ser for deg det skuffa ansiktet til ein av brukarane.  Du lurer på kva kollegaen meinte med det ho sa.  Du hugsar at du høyrtest sint ut på grunn av ein bagatell, og du skjemmest på grunn av det, og så gløymte du å ringa mor di i dag også.  Og kva er det som plagar dotter di?  Du kan bli liggande til langt på natt og grubla over det som skjedde i løpet av dagen, eller slikt som skjedde lenge før det også.  Tankane blir ikkje så fort borte.  

For meg blei meditasjon ei svært god hjelp.  Eg lærte meg ein ledigheitsteknikk, Acem-meditasjon, som går ut på å sleppa til alle tankar og følelsar i sinnet, mens eg prøver å tenka uanstrengt på ein lyd eg lærte på kurset. 

Av og til kan eg bli uroleg i meditasjonen, eller det kan vera litt kjedeleg.  Men eg lærte at dette faktisk var eit godt teikn på at noko viktig i sinnet blei bearbeida.  For det er ikkje berre alt frå den siste dagen som er i hovudet, men også gamle ting kan begynna å røra på seg, og då kjem det ikkje fram som tydelege minne, men kanskje som ei plutseleg smerte eller uro i kroppen, eller som keisemd.  Det er spenningar i tankane som får lufta seg ut. 

Eg hadde høyrt fleire som sa at dette hjelpte mot dårleg søvn, og det merka eg også fort.  Eg hadde lettare for å sovna om kvelden, og låg ikkje så lenge og grubla på ting.  Grublinga var unnagjort i meditasjonen. 

Eg merka også at arbeidsdagane ofte blei greiare.  Eg blei ikkje så ofte irritert.  Eg kvidde meg mindre for å gjera det som var vanskeleg. 

Dei seier at denne meditasjonen er ei øving i å akseptera seg sjølv slik ein er, i staden for å streva så mykje etter å bli slik ein trur ein burde vera.  

Ok