Blir det fleire bøker?

Eg har slutta å skrive, trur eg, eller er det tvilen som veks seg større? Får stemma som er usikker større plass?

Tekst av Veronika Erstad 

Eg har slutta å skrive, trur eg, eller er det tvilen som veks seg større? Får stemma som er usikker større plass?

    

Å etablere ein identitet som forfattar er ein pågåande prosess. Etter å ha gjeve ut fire bøker, er eg meir usikker enn nokon gong før på om det kjem til å kome fleire bøker. Viss eg trudde det skulle bli lettare, og det gjorde eg, tok eg feil.

Kvifor er det så viktig å utgje bøker, eller kven er eg viss eg sluttar å skrive? Ein del av meg er redd for dette, redd for at det eg då er, er for lite. Denne redsla i meg kan vere ganske lammande. Det er ei redsle som gjer meg passiv, og held meg tilbake. Då handlar det meir om å skulle prestere noko, og om kven eg er, enn om lysta til å skrive. Skrivinga har fleire fasar, og ikkje alle fasane er like lette og leikande. Starten er lettast. Då ligg alt opent. Når eg har jobba med det same manuset i mange år, er det ein annan fase.
Som forfattar er eg ei som gjer noko spennande. Det er mange som er interessert i den kreative prosessen. Det gjer meg meir interessant. Eg er redd for kven eg er viss eg ikkje skriv. Det er vanskeleg å kjenne at det eg er er nok i seg sjølv.

I meg er det ein mangel. Eg kan kjenne det, at eg manglar noko. Eg er også redd både for nærleik, men også for separasjon. Eg er redd for å bli avvist, det gjer at eg held meg tilbake frå å ta kontakt med andre. Skrivinga er ein måte å nærme seg andre på.

 

Gjennom meditasjon og terapi har det utydelege indre landskapet blitt noko tydelegare for meg. Meditasjon er ei øving i å møte seg sjølv i dei svake augeblinkane. Å møte seg sjølv der det gjer vondt. I skammen og i usikkerheita. Å kunne vere der med det utan å støyte det bort.

Det har endra seg frå rastløyse, via spenningar i kroppen, stramningar i ansiktet, rundt munnen, og når det slepper, tårer, tristheit, einsemd, og igjen ein impuls til å kome bort, stenge av, ikkje vere der. Eg orkar det ikkje. Eg har ei sterk kjensle av å ikkje få det til, å streve, og det er jo ikkje det eg skal, det veit eg godt. Eg møter ei sterk kjensle av tvil, og ei kjensle av at dette rotar eg til, dette gjer eg ikkje godt nok, ei motløyse, så håplaus eg er.

I emosjonsfokusert terapi har eg blitt kjent med ein svart innsjø på innsida av brystet. Eit stramt område. Når eg skriv om det no, kan eg kjenne at det strammar seg i brystet.

I livet gjer det at eg held meg tilbake. Eg stenger av for nokre impulsar. Innsjøen er både over og under meg. Eg held andre på avstand.

Eg ser føre meg eit lite barn som blir levert i barnehagen. Ein pappa som har flytta langt bort for å arbeide, og før det, eit barn som skrik og ikkje blir løfta opp. Det var jo vanleg før.

Barnet vernar om seg sjølv. Det skrik. Så sluttar det å skrike.

Eg har byrja å skrive ei diktsamling som heiter Alle har vore barn. Eg har skrive på samlinga i tre år. I fleire år har eg tenkt at vegen vidare er å ha samtalar som eg tar opp på band, der dei eg snakkar med fortel noko dei hugsar frå barndommen. Det er både eit ønske om å kome i kontakt med andre, og å få fleire stemmer, eit anna tekstmateriale, inn i samlinga. Eg kjem tilbake til den idéen med jamne mellomrom, men eg har enda ikkje klart å gjere det. Eg stoppar meg sjølv. Det er ei redsle der for å ta kontakt med andre. Eg veit det er den vegen eg må gå.

Eg likar å sitje i vindauget og sjå ut. Eg ser fuglane langt borte, og dei som sit på greina heilt nær vindauget. Eit epletre i blomst. Seinare er blomstringa ferdig, ein dag har epla blitt plukka. Det er noko med å skrive og det å sjå, å sitje stille i eit vindauge og sjå ut. Lenge kan eg sitje slik, og det skjer ikkje så mykje. Av og til legg eg merke til det der ute på ein nær måte, fuglane som flyg høgt oppe på himmelen, er veldig nær meg, eg ser blada på treet, det fine mønsteret mellom dei, og det rører ved meg, at eg ser det slik, frå vindauget mitt. Det er ein stille augeblink. Skyene passerer. Kanskje skriv eg litt, men mest er det å sjå, og kjenne meg nær noko anna, utan å måtte kjempe, eller halde det på avstand, ein nærleik som ikkje er trugande, men lett.

 

Når eg søkk ned i innsjøen som er ikring meg, blir det svarte litt mindre svart. Det som først verka heilt stramt og spent, har no fleire nyansar i seg. Det er eit barn som står der. Barnet står på ei brygge. Det ser ned i sjøen. Barnet ser ein fugl som bryt vassflata. Når barnet opnar dei knytte nevane, fell steinane i vatnet. Både i skrivinga og i meditasjonen, sirklar eg rundt noko som gjer vondt, noko eg har gøymt unna, men ikkje berre det, skriving er også eit overskot. Det er leik. Å skrive er også å henvende seg til andre. Det er eit ønske om å bli sett.

 

Å meditere er å sjå meir av det som har vore skjult. Det som styrer meg og som held meg tilbake. Det frigjev ressursar. Der eg før måtte flykte, kan eg no bli litt.

Blir det fleire bøker? Ja, det gjer det, men ikkje diktsamlinga som eg har skrive om her. Som forfattar må eg gje slepp på prosjekt som eg har jobba med i mange år, og som eg har trudd skal bli ei ny bok.

Eg har ei grunnleggjande usikkerheit i meg, men eg kan òg vere ganske sikker. Eg må lytte til ei indre stemme, ein intuisjon i kva eg skal gjere. Ein stad er eg trygg på noko, ein stad har eg ein driv til å skrive og ei stemme som seier at eg kjem til å gje ut fleire barnebøker. Kva som skjer med dikts

Produkter

Dyade 2022/1 Skapende sinn

 

Relaterte artikler

Ok