Kva kan ein gjera når det blir rabalder i langmeditasjonen?

Nei, nei, nei, no begynner dette rabalderet igjen.  

Det begynte så stilt og fint og enkelt og greit alt saman.  Fløyt så godt av garde, sildra og rann den same enkle vegen som ein liten bekk, fredeleg og kjekt, ingen problem av noko slag. Han bestemte seg for at han kanskje kunne snakka om dette enkle i vegleiinga etterpå.  At alt var på plass.  Men sekundet etter blir det berre bråk og skarpe kantar og uorden og tøys og ubegripeleg og ubrukeleg og keisamt og mest ikkje til å halda ut.  Men han reknar med han kjem til å halda ut.  Før ville han sett på klokka med ein gong dette rabalderet begynte.  Men no held han det ut.  Det trur han iallfall.  Han er ikkje sikker.  I desse greiene her er det ikkje godt å vita.  Før han veit ordet av det kan han komma til å slå opp augo og sjå på klokka.  Å, nei.  Han kan komma til å oppdaga at det er over ein halv time igjen.  Då vil han sitta der skuffa og fortapt fordi han ikkje heldt ut.  Det vil han iallfall ikkje snakka om i vegleiinga, nei, desse rotete greiene her skal ikkje ut av hans munn.  Nei.  No må tida snart vera ute.  Tenk om dei har gløymt å setta alarmen på.  Det må ha gått lang tid.  Først var alt kjekt og fint ei god stund.  Etterpå begynte dette skrammelet, og det må iallfall ha halde på bortimot ein time.  Men har han ikkje gløymt noko?  Det var ein lyd som skulle tenkast.  Nei og nei.  No må han ta seg saman.  Sitta slik og surra og sutra i sitt eige hovud utan å tenka lyden.  Men kva i all verda har lyden med dette å gjera?  Er det ikkje berre noko tøys dette med ein lyd han skal driva og tenka på.  Men det er greitt det, viss det er så viktig med den lyden, så kan han berre tenka lyden, og no tenker han lyden kraftfullt og skikkeleg.  Aha.  Der var problemet borte.  Han tenker lyden som ein helt, og surret og tøyset er blåst bort.  Men er ikkje dette feil?  Han brukar kraft.  Han tok seg saman, fekk inn lyden og rydda opp.  Jo, det skal vera ledig.  Uanstrengt.  Det var som pokker.  Alltid er det noko.  Aldri blir det godt nok.  Men når han først har møtt opp og betalt, og sit her i mørket med dei andre, så får han prøva å gjera det slik det skal gjerast.  Tenka lyden forsiktig.  Det er litt flaut. Men han prøver igjen, utan å overdøyva det flaue, tenker lyden der, har merksemda forsiktig mot lyden, som ei mor som ser barnet sitt leika i parken har han høyrt ein gong, lyden er barnet og han sjølv er mora.  Han sjølv?  Ein augeblink er det som om han ikkje forstår kva det er.  Han svimlar.  Men tenker lyden.  Ja, slik er det.  Ein uanstrengt lyd.  Så lite kraft som råd.  Ja, slik.  Er nær den lette lyden, og lurer på kor det flaue blei av.  Kjenner pusten gli inn og ut av kroppen.  Ei open og god ro i mørket her.  Høyrer klokka ringa.  Høyrer stolar bli flytta.  Nøler ørlite før han opnar augo.

 

Rune Belsvik

Ok