Veronika Erstad
Veronika lærte å meditere i 2012, og har vært kurslærer i Acem siden 2021.
Hun er forfatter og miljøterapeut.
– Så godt at isen har smelta. Det var farleg. Sikkert travelt på legevakta. Det er fint innevêr. Appelsina er god no. God dag til deg òg!
Skrevet av Veronika Erstad
Då eg meldte meg på meditasjonskurs i Acem hadde eg ei lengt i meg, ei lengt som eg ikkje visste kva var. Slik kan eg sjå det i dag, tolv år etter at eg lærte å meditere. Før eg meldte meg på kurs hadde eg lese litt om meditasjon, eg hadde lukka augene, og halde merksemda på pusten, ein teknikk eg hadde lese om i ei bok. Det var ikkje så lett. Eg klarte det berre i ti minuttar, men noko i meg ville meir. Noko i meg trakk mot det ordlause, og stille.
Då eg lærte Acem-meditasjon, var det lettare å meditere lenger. Det å ha ein lyd å vende tilbake til var annleis enn å halde merksemda på pusten. Eg hugsar ikkje så mykje frå då eg lærte det, men eg var veldig motivert, og etter nokre månader mediterte eg regelmessig heime. Sommaren etter at eg hadde lært å meditere meldte eg meg på min første helgeretrett. Det var på Jeløya utanfor Moss. Eg reiste med tog, og gjekk ein time frå stasjonen i Moss og ut på Jeløya.
Helgeretretten gav meg ei erfaring med meditasjon som var viktig for meg. Det var fleire ting som gjorde inntrykk. Tolv år etter hugsar eg første meditasjon på tre timar som eit brot med tida og forventninga. Det var å gje seg over, og å sleppe kontrollen. Retretten hadde ei god stemning ikring seg. Vi gjekk turar og laga mat. Sola skein. Like ved var fjorden. Etter retretten tok eg følge med ein av deltakarane til Moss. Det var ei opning i meg mot andre som var ny for meg. Eg pleidde å trekke meg unna og avvise før eg sjølv blei avvist. Eg snakka sjeldan med folk eg ikkje kjente. Eg unngjekk festar og arrangement med mingling. No gjekk eg og snakka lett med denne mannen.
I mange år etterpå var den første tida etter ein retrett kjenneteikna av småprat på butikken. Der eg ellers pleidde å vere stille og halde blikket på varene mine, sa eg no nokre små setningar, kanskje om vêret. Det var ikkje mykje, men for meg var det ei stor endring. Eg blir framleis trøytt når eg har vore saman med mange menneske. Eg får framleis kritiske tankar om meg sjølv i dei situasjonane, og samtidig held eg meg litt mindre tilbake - ei lita, men viktig endring. Fleire impulsar når ut, meir av det eg har lyst til å gjere, blir gjennomført. Det blir ikkje stoppa av tankar om at eg ikkje kan, eller ikkje får det til. Tankane er der kanskje, men dei hindrar meg mindre i livet enn det som har vore tilfellet før.
I meditasjonen har eg møtt rastløyse, spenningar kring munnen, og tankar om at det ikkje er godt nok, med ein ledig gjentaking av lyden. Ikkje perfekt, langt ifrå. Men kanskje godt nok. Gradvis har tankar gått frå å arbeide i det skjulte, til å bli meir synlege for meg. I det har vegleiing vore ein sentral del av prosessen. Å setje ord på det. Eg kunne ikkje sett det aleine. Eg har ei erfaring frå lengre retrettar med at det samstundes med dei kritiske tankane, òg er eit stille rom i meg, der det er godt å vere. Dette har vore ei eksistensiell viktig erfaring for meg, som eg har med meg kvar dag. Ein indre forankring, uavhengig av det som skjer ellers i livet.
Det har skjedd mange positive endringar i livet mitt etter at eg byrja å meditere. Kva som ville skjedd uavhengig av at eg byrja å meditere kan eg ikkje vite. Eg har gitt ut fem bøker. Eg har skifta jobb, frå det trygge kjente, til det nye og ukjente. Det har skapt eit nytt engasjement for arbeidet mitt, og eit møte med nye kunnskapsrike kollegaer. Det er ikkje lenger det at eg skriv som skal gje livet meining, som skal fylle meg og gjere meg viktig. Slik kjennest livet mitt meir balansert ut.
Eg har gått inn i eit forhald, og ut av det igjen. Eg veit at det å ha ein heilt nær relasjon berikar livet, og sjølv om eg ikkje har det no, veit eg at eg ønsker det. Eg held kurs i meditasjon, ein setting som utan meditasjonen hadde vore heilt utenkeleg for meg. Det å leie ei gruppe er ein samanheng som eg utan meditasjonen neppe hadde turt å prøve meg på. I gruppesamanheng kan eg no stille spørsmål, medan det tidlegare ikkje har vore plass til slike impulsar i det heile. Eg kjenner ei takksemd når eg skriv dette. For at meditasjonen har skapt ei opning i einsemda som når langt ut over småprat om vêret og appelsinar på butikken. Ei opning som gjer at eg snur meg til andre, fleire gongar enn eg snur ryggen til og går. Som gjev meg nye, verdifulle relasjonar, og ein betre relasjon til meg sjølv.
Veronika lærte å meditere i 2012, og har vært kurslærer i Acem siden 2021.
Hun er forfatter og miljøterapeut.